Søndag 11. september kl 20 er det premiere for jubileumsskriftet for Todalen kyrkje som i år fyller 150 år. Dette er eit samarbeidprosjekt mellom Todalen historielag og Todalen sokneråd, og det er Bernt Bøe som har ført det i pennen. I tilleg har eit utvalg frå Todalen historielag vore med og samla bilder og informasjon til jubileumsskriftet. Søndag kveld vil altså redaksjonkomiteen saman med forfattaren presentere det ferdig resultatet for dei som er interessert, fortel Maren Ansnes som er ledar i Todalen historielag.
Jubileumsskriftet er laga i same format som årsskrifta til historielaget, og inneheld 76 sider med historisk materiale frå både gammel og ny tid. Det startar med litt historie om det som gjorde at det vart eiga kyrkje i Todalen. Vidare er det glimt frå kyrkjelivet oppgjennom tida, fram til idag. Det er også ein bolk om kyrkja og livets gang, der kvardagen i kyrkja er skildra og om korleis kyrkja har utvikla seg mot ei nyare tid. Prologen som Leif Halse skreiv til 100-årsjubileet er også kome med, og det er laga ein oversikt som viser kven som har vore tilsett i ymse stillingar oppgjennom åra.
Jubileumsskriftet har vorte ei fin trykksak som er rikt illustrert, og både forfattar og «skriftsstyre» har grunn til å være stolte av resultatet. Tek du turen til kyrkja søndag kveld kl 20, får du sjå og høyre meir om jubileumsskriftet.
NB! Bilde av jubileumsskriftet kjem, men tenknisk feil på grunn av flytting av server gjer at dette må vente! Red.