Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Premierar og tilbakeblikk på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. februar 2025

To nye filmar med eit visst publikumspotensial og eit femti-års-jubileum i Surnadal kino denne veka.No og da kjem det filmar som fangar tidsånda, som «Rotløs ungdom» på femti-talet og «Easy Rider» sist på 60-talet. Her til lands traff Anja Breien da ho hadde premiere med «Hustruer» midt på 70-talet.

HUSTRUER

Det var sjølvsagt også fulltreff at filmen kom i 1975, da det var FN sitt internasjonale kvinneår. «Hustruer handlar om tre klassevenninner på skulejubileum, og som vel å fare på rangel i staden for å reise heim til mann og (for den eine) barn. I hovudrollene møter vi Anne Marie Ottersen, Katja Medbøe og Frøydis Armand, og med Helge Jordal og Sverre Anker Ousdal i biroller. Filmen går onsdag 12. februar klokka 12:00. 

KAPTEIN SABELTANN OG GREVINNEN AV GRAL

Foto: Nordisk Film Distribusjon

Kaptein Sabeltann inviterer framleis til sjørøvareventyr i kinosalen. Etter kva NRK Filmpolitiet skriv, er filmen «skreddersydd for småttinger» som elsker å leke med overprisede plastsverd og sjørøverhatter», noko dei vaksne i huset sjølvsagt må vente med til etter leggetid.

CAPTAIN AMERICA – BRAVE NEW WORLD

Foto: 2024 Marvel

Onsdag 12. februar er det verdspremiere for Marvel-filmen «Captain America – Brave new World» Og sia vi her til lands er først ute med denne filmen, er det lite å hente på kritikkar så langt. Vi registrerer at det er stødige Harrison Ford (i rolla som Thaddeus Ross) som er president i USA. Han sender Captain America i veg for å stoppe eit globalt komplott.

BRIDGET JONES – MAD ABOUT THE BOY

Foto: Universal Pictures

På fredag 14. er det nok ein premiere på, når filmen «Bridget Jones – Mad about the boy» blir vist. Like i uvisse kva kritikarane meiner om denne, men romanen frå 2013 vart i alle fall ein bestseljar. Bridget Jones (Renée Zellweger) har vore enke i fire år og er åleinemor, men så dukkar det opp eit par karar, og, ja …

Filmen er også sett opp som strikkekino tysdag 18. februar.

Heile kinoprogrammet finn ein på surnadal-kulturhus.no/filmer

Publisert: 10. februar 2025, 08:30