Posten har bestemt at dei skal gå over til å levere post annakvar 2-3 dagar i veka frå i sommar ein gong. Det har imidlertid vore uklart kva som skal skje med avisdistribusjonen, men no er det klart at det er Posten som har fått den jobben. Det vil seie at dei vann anbudet om o køyre ut aviser på vekedagar, medan Aktiv Norgesdistribusjon AS får distribusjon av aviser på laurdagar. Aktiv overtek etter Esay 2 you til neste år.
Kontraktane er verdt til saman 165 millioner kroner. – Stortinget hadde gjeve Samferdselsdepartementet ei ramme på maks 255 millioner kroner, og departementet er glad dei kom under den ramma. De dagane det ikkje skal køyrast post vil postruta bli ei rein avisbudrute.