Todalen sanitetsforening inviterte dei vaksne todalingane på middag i Sanitetshuset sist tysdag, der skanksuppe, saltkjøtt, pølser og kålrabistappe stod på menyen. Det var ein snev av forsinka feittysdag over menyen, og det sette gjestane tydeleg vis pris på, for det var over tretti til bords på 2 finpynta langbord i Sanitetens klubbhus på Kvennset.
Jorunn Ørsal ønska velkomen, og fortalte at det var mange som har gjeve uttrykk for at dei sakna eldremiddagen. – Dette blir ikkje noko erstatning for eldremiddagen, men det kan godt hende at det vi kjem til å invitere til liknande tilbud ein gong i blint, og da i regi av 100-åringen Todalen sanitetsforening.
Den kulturelle biten var det Jon Husby – Jostu – som tok seg av. Han hadde med seg trekkspellet og framførste både eigne tekster og tonar. Kan nemne «Jobusminner», både frå nyare og gammel tid og «Den første songen» som allsaong, før han runda av med «Kveld i Trollheimen» instrumentalt. Til slutt var det kaffe og kaker før ein runda av, kvar til sitt.