Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Populært med «Open gard»

Jon Olav Ørsal Måndag 25. august 2014

Todalen Bondelag samla over 200 til open gard i Viastua sist søndag. Både bygdefolk og utebygds frå kom publikum for å sjå det nye fjøset og for å sjå korleis livet på ein moderne gard artar seg med både dyr og tekniske innretningar.  Vertskap var Ola Kvendset og kårfolket Wenche og Gudmund Kvendset som hadde litt av kvart å vise fram og fortelje om til publikum.

Ola har bygd ut fjøset og investert i ny mjølkerobot dei siste par åra for å få eit lettvint og moderne fjøs for mjølkeproduksjone, og no inviterte altså Todalen bondelag alle som hadde lys til å sjå til «Open gard». Ledar i Todalen Bondelag, Ståle Ansnes, var god nøgd med besøket og sa at dette er ein viktig dag både for bondelaget og for publikum. Dette er dagen vi kan nytte høvet til å vise fram kva vi driver med, og vi får vist korleis maten blir laga til dei som kjøpe maten på butikken i posjonspakkar og vakuumpakkar.

SynnoveNordvik_5699

Synnøve kosa med kalvane, og det sette dei pris på.

Og folk sette pris på det dei fekk sjå og oppleve denne dagen. For den yngre garde var det ei stor oppleving å kome tett på og få kontakt med dyr. Populære var også trøtraktorane ute på tunet, og det var full aktivtet dei timane som arrangementet varte. Den eldre garde sette stor pris på å få kjøpe seg rømmegraut eller kaffe med bakels og graut, og praten gikk tett både i restaurantteltet og eller rundt i gardstunet.

Konkurranse i nataursti var det også. Her var det spørsmål om mykje av det som foregår i gardsstunet og matproduksjone på ein gard, og det var utruleg kor mykje folk hadde kjennskap til. I konkurransen om fleste rette svar gikk Torill Gjeldnes til topps i vaksenklassen og dotra Ylva Synnøve i klassen for born.

Vi har laga eit stort bildegalleri frå Open gard i Viastua som viser mykje av dei aktivitetane som foregikk i fjøst og på gardstunet denne dagen.  Alle foto Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 25. august 2014, 09:03