I går kveld hadde Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag invitert til balleik i gymsalen ved Todalen skule. Og responsen på invitasjonen var god, og eit tosifra ungar i grunnskulealder møtte opp for å vere med på ein time med balleik. Ola Dalsegg og Anders Gjeldnes leia balleiken.
Først var det Tarzansisten som oppvarmingsøving. Etter at alle var gode og varme, vart det stikkball. Balleiken vart avslutta med fotball. Alle verka til å vere godt nøgd med balleiken, og Barne- og ungdomsgruppa arrangerer balleik også neste onsdag til same tid, med mindre det blir forhold for «barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra, noko som verkar lite truleg med vêrmeldingane som gjeld fram til da!