Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Populært med «balleik»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. desember 2021

Etter at det vart laga ein avtale mellom Todalen Idrettslag og Surnadal kommune, om leige av gymsalen på Todalen skule, har Barne- og ungdomsgruppa hatt fleire «balleikar» på tysdag og torsdagar. Dette har, som vanleg, vore ein populær aktivitet for aldersgruppa 7 – 15 år. 

I går kveld var det fjorten barn og unge som møtte opp på «balleik». Dei starta med frileik, før det vart stikkball. Etter dette vart det amerikansk kanonball, der Markus Bolme var instruktør og lærte dei andre reglane for spelet. 

Balleiken, i går kveld, starta med frileik. Foto: V A Ansnes

Neste balleik er torsdag 16. desember klokka 18:00 i gymsalen på Todalen skule. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 15. desember 2021, 09:00