Det har dessverre vorte slik at ein meir eller mindre er pukka nøydd til å vere «på nettet» om ein skal få tak i informasjon eller bruke nokre tenester i dag. Men det kan bli tungt å finne ut av dette på eigen hand når ein trykker på «on»-knappen utan omfattande kjennskap til kva ein finn på verdsveven. Pensjonistlaget har no gjort dette lettare.
Rundt tredve pensjonistar går på datakurs på kulturhuset. Dei er delt inn i to grupper, litt etter kva verkty dei brukar og kor lenge dei har handtert det. Føremålet er å lære det mest grunnleggande for å takle slik som e-post, nettbank o.l.
Kristian Ranes frå pensjonistlaget har fått med seg Ole Trygve Foseide som kursleiar, og med Anders Talgø og Helge Røv som hjelpesmenn.
Alle, uavhengig av om dei var medlem av pensjonistlaget eller ikkje, vart invitert til å delta og det vart halde eit orienteringsmøte sist i november. Sia har studentane møtt kvarandre fem gongar og tek ei økt til før dei seier kurset er slutt.
Men det treng ikkje vere slutten på møta; for biblioteket stiller rom til rådvelde slik at dei også kan møtast som uformell «dataklubb» etter den tid.
For det er ikkje berre lærerike møte, dei er også næringsrike – og ikkje minst sosiale: For pensjonistlaget, ved primus motor Kristian Ranes, har fått sponsa kaffemat til møta.
Han vil takke Surnadal Sparebank, Svorka og Fylkesbiblioteket/AOF Møre og Romsdal, som alle støttar kurset økonomisk, og Surnadal folkebibliotek som stiller med rom og utstyr til dei lærevillige nettsurfarane.