Søndag arrangerte Todalen sokneråd tradisjonell friluftsgudsteneste i arboretet. Soknerådet har god erfaring med å arrangere friluftsgudstenester, og skryter av godt frammøte. I dag var det rundt 60 som tok turen til Svinviks arboret, der det var rigga til med provisorisk alter og ringeklokke i hagen.
Det var prost Vidar W. Rygh som var liturg, medan Bernt Bøe vikararte som organist. Kyrkjevertar var John Moe og Ola Bruset, medan Randi V. Bøe var klokkar og tekstlesar, og Tor Rune Halset var kyrkjetenar. Tema for dagens preken var spørsmålet «Kvar er egentleg Gud» – Han var her ein gong og kjem nok att.
Elles gjekk dagens takkoffer til kyrkjelydsarbeidet – her kan du enno bidra dersom du vil på vipps# 506908. Neste gudsteneste i Todalen er 1. september kl 11 og i Stangvik kyrkje er neste gudsteneste 25. august kl 11. Leiar i Todalen sokneråd Borghild B. Talgø delte i dag ut 6-årsboka til Mille Svinvik. Til slutt var det nattverd for den som ville, og etter gudsteneste vart det servert kaffe rundt borda i hagen.