Interessa for lokalhistoria er stor i Todalen. Søndag samla Todalen historielag eit 60-tals historieinteressert frå Todalen og omegn til ettermiddagskaffe i Todalen ungdomshus. Nils Røv var hyrt inn som kåsør og underhaldar, og det var ei oppgåve han kom seg godt ut av.
Nils Røv hadde to sekvensar, der han i første del fortalte lokale og fornøyelege historier både frå øverbøgden i Surnadala, Rindala, Bøverdala og ikkje minst her frå bygda. Sjølv om han har «budd i by’n» heile sitt vaksne liv så bruka han dialekta frå Mosokn, der han vaks opp på Røv. Nils har ordet i si makt, så han hadde mange lune og gode historier på lur som vi fikk dele med han. Vi fikk lære oss å «ga bøverdaling» og lik ens å «ga Elster» med innlagt demonstrasjon.
Og sjølvsagt hadde han med munnspelet – eller rettare sagt 5 munnspel, som var tilpassa kvar sine toneartar. Dermed vart det og litt musikk, der han starta med Todalspols, og fortsette med bruremarsjen «Øygardsjenta» som har sine aner frå Bøverdalen.
Vidare var det ein lang kaffepause, der kaffe og bakels med graut gikk ned på høgkant. Tydeleg at det er bra med slike arrangement, slik at folk kan kome seg ut og treffe både naboen og andre for sosial kontakt.
Etter pausen fortsette Nils Røv med ein lysbildeserie frå Sør-Amerika, nærare bestemt til Patagonia ved Magellanstredet. Nils tok turen dit for å besøke ein biolog-kollega, og noko av ærendet var da også å få sjå pumaen, som er eit av dei mest vanlege rovdyra på det Amerikanske kontinent. Det lukkast han med, og vi fekk sjå mange fine bilder både av pumaen og andre fuglar og dyr som hører til der. nil røv runda av andre sekvens med nok ein munnspeltrall – ein bruremarsj frå Jämtland.