Da er anleggsverksomheita på skule- og barnehageområdet snart komme i mål. Og i den anledning er det nye leikeapparatet vorte teke i bruk. -Dette er eit veldig populært punkt på skuleplassen, kan Britt Mossing fortelja, når todalen.no som snarast passerte. Så langt er ballbingen vorte utdanka.
Apparatet ser kanskje litt uferdig ut, men skal vera slik. Dette for å stimulera og utvikla motorikken til ungane. Og som nemnt tidlegare er leikeaparatet finansiert av returkartongpremien som Todalen skule vann for nokre år sidan.