Pop Up-utstillinga i finstuå på Surnadal kulturhus 8.mars vart ein stor suksess. 15 lokale kvinner og 1 mann hadde meldte seg på med eigenproduserte kunstverk til utstillinga. Responsen frå publikum var òg veldig bra, dei tre timane utstillinga var open.
Initiativtakarane, Anne M. Rognskog og Sissel H. Storslett, er overvelda over responsen utstillinga fekk. Dei to er òg særs glad for at 6 av dei 16 utstillarane, var unge telent som er elevar på Kunstfag ved Surnadal og Rindal kulturskule, Dette freistar til gjentaking neste år, kunne dei to damene entusiastisk fortelje.
Lilly Husby frå kulturavdelinga i Surnadal kommune stod for opninga av utstillinga.
Desse stilte ut sine verk under Pop Up-utstillinga:
- Anne Grete Kvendset
- Margit Langli Wiik
- Anne Marie Rognskog
- Sissel Halset Storslett
- Lilly Husby
- Rannveig Brøske
- Synnøve Nordvik
- Kirsten Marie Nordvik
- Laila Williams
- Ingvild Kårvatn
- Marina H. Kjølstad
- Coby Omvlee
- Ellen Jorid Mo
- Inga Blomstrand Harang
- Tor Olav Nordvik
- Mia Strand
Nedanfor kan du sjå nokre av kunstverka som var med på Pop Up-utstillinga måndag: