Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pop-up «barn i løypa» i kjempefine løyper

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. januar 2024

I går ettermiddag inviterte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Pop-up «barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. – Det var kjempefine løyper og verkeleg fine forhold for å gå på ski, sjølv om det var mange kuldegrader, fortel leiar i Barne- og ungdomsgruppa, Anders Gjeldnes. 

Klar for «barn i løypa. Foto: Anders Gjeldnes

Så dei som kom på «barn i løypa» fekk ei fin skioppleving, legg han til. – Oppmøtet kunne ha vore betre, men det korte varslet var nok ein avgjerande faktor for at det ikkje kom fleire denne gongen, avsluttar han. Etter at skigåinga var ferdig, var det servering av saft. 

Etter at «barn i løypa» var ferdig, var det godt med litt varme og saft. Foto: Anders Gjeldnes

Som Anders seier, så er det no perfekte forhold og fine løyper i lysløypa no, så har ein lyst til å gå litt på ski no, kan det vere lurt å gjere det før søndag, for frå og med da, er det meldt mildvêr i fleire dagar, noko som kan øydelegge dei gode forholda som er no! 

Publisert: 18. januar 2024, 09:00