I ettermiddag hadde mannskap frå Surnadal lensmannskontor trafikkontrollar fleire stadar i kommunen. Ein av stadane var på Nordvik. Her var det fart, belte- og mobilbruk som vart kontrollert.
Vi har fått opplyst at kontrollen på Nordvik ikkje gav ein einaste reaksjon, noko politiet seier seg strålande nøgd med!