Valdagen nærmar seg med stormskritt, og i dag var det ein gjeng med raude skjorter som gjorde seg kjent i Todalen. – Vi kom til Todalen for å treffe bygdefolket, slik at vi skulle få høyre kva todalingane er opptekne av og for å bli litt betre kjent i bygda, seier Annett Ranes som er Surnadal APs ordførarkandidat.
Besøksrunden starta med stand utafor butikken på Matkroken, og her var det nok mange som stakk innom og det vart lufta mange saker – nokre aktuelle saker kjenner vi nok frå før, slik som Todalsfjordprosjektet, gjennomgangsbustader på Kvennset og sjølvsagt Todalsvegen.
Den siste tida har det nærast vore kø for å leie leilegheitene i Sanitetshuset, og det er nok mange som kunne tenkt seg ei slik løysing. Men det er også behov for andre bustader. – Annett Ranes seier at det er behov for leilegheiter av forskjellig størrelsar, slik at folk kan sjå om dei finn seg til rette før dei eventuelt kjøper eller bygger hus.
Etterpå hadde gruppa invitert Terje Talgø til å kome til Todalshytta og orientere om stoda på Talgø og kva saker hann brann sterkast for. Han starta med å orientere om kva Talgø står for i dag, med både ein butikkdivisjon med 4 byggvarebutikkar og 3 snikkarbedrifter med 60 snikkarar i tillegg til impregneringsverk og høvleri på MøreTre. Til saman rundt 250 tilsette, der dei fleste er på Nordmøre. I tillegg drives det eigedomsutvikling, både lokalt og i Vikna. Bindalsbedrifta Talgø Agrobygg har eit godt fotfeste og stor marknadsandel i Nord-Norge.
Terje var oppteken av at det må leggast til rette for ungdomane – slik at vi kan ha attraktive jobbar og bustadtilbod, slik at dei kjem att til området etter enda utdanning. – Skal vi halda hjula i gang og skape utvikling krev det fleire hender og fleire til å være med og utføre jobben. Da treng vi kanskje forskjellige støtteordningar for å stimulere bustadmarknaden – kanskje må vi også flytte litt på offentlege arbeidsplassar for å få meir folk i distrikta. Ei fanesak for Terje er også å kunne bidra til å integrere fleire som har falle utafor systemet – alle må få ein sjanse. – Vi må passe på å drive Surnadal kommune framover, slik at det bli ein god og attraktiv kommune å arbeide og bu i.
Siste post på programmet var ein lynvisitt til Todalen skule (les: Todalen Meieri). Olaug Kvendset, Hallvard Longva Kvendset og Asgeir Longva tok i mot der for å orientere om prosjektet for å gjera om skulebygningane til meierilokale.
Dei har lenge jobba med planane for å etablere meieriproduksjon i dei nye fjøslokala heime i Utigarden, men etter at skulen vart ståande tom har dei no kasta augne på lokala her. Garderobeanlegget passar som hand i hanske for deira behov for produksjonslokale, og resten av lokalane passar også inn in plana – mellom anna kantine/pauserom, kontorplass, lokalar til butikk og ikkje minst modningslager for ost. No blir det jobba med å arbeide om planane for å bruke skulelokala, og det er Innovasjon Norge innforstått med. Todalen Meieri arbeider med planar både for inne- og uteområdet – det vi seie at det er ei føresetnad at dei kan ta over heile uteområdet, slik plana er lagt, seier Asgeir Longva.
Da er det snart klart for val – 11. september blir det avgjort kven som kjem i posisjon eller opposisjon!