I kveld har fleire vorte stoppa av politiet i Todalen etter at dei hadde vorte tipsa om bruk av narkotika i området rundt Ansnessaga. Frå Opreasjonssentralen i Kristiansund har todalen.no fått informasjon om at aksjonen var vellukka i den grad at tre ungdomar i 19-20 årsalderen vart pågripne for bruk av narkotika. Operasjonsleiar Aakenes i Kristiansund fortel at dei tre ungdomane erkjente bruk under avhøyr ved lensmannskontoret i Surnadal. Den eine kjendt for politiet frå før.
Bakgrunnen for kveldens aksjon kjem seg av tips frå arbeidfolket på Ansnessaga som tidlegare i veka fann brukarutstyr ute på området. Dei hadde også registrert unødig trafikk på industriområdet i den siste tida.