I løpet av helgaer det nokon som har kjørt ned og øydelagt bommen inn til Statkrafts anlegg ved Rossåa. Da vakthavende kom på jobb vart skadeverket oppdaga, og det vart konstatert skade på bommen, som forøvrig stod open. Dette tyder på at det er ungdommeleg tuppfere som har vore på gang, seier Per Gjeldnes ved Surnadal og Rindal lensmannskontor som har fått melding om saka.
Nokon har i løpet av helga køyrt på bommen og velta den over på sida, så det har nok vore ein skikkeleg trøkk. Lensmannskontoret etterlyser opplysningar om nokon har observert noko mistenkjeleg i løpet av helga, og ber om at det blir teke kontakt med lensmannskontoret. Gjeldnes seier elles at dersom dette er tuppfére, så bør vedkomande ta kontakt med Rossåa settefisk for å få til ei minneleg ordning for skaden som har skjedd.