Tysdag 14. juni opnar Todalshytta for ny sommarsesong som også er jubileumssesong for hytta. Den stod nemleg ferdig i 1901, klar til å ta i mot engelske turistar som kom til Todalen for å prøve laksen i Toåa. Laksefiskarane er framleis i fokus på Todalhytta, men no er det nok mest norske fiskarar. På opningsdagen tysdag blir det nok «flying start» med balldag på Todalhytta. Da må nok Åse G. Øyen som er vertinne og kokk, fylle grytene med potetball og tilbehør.
For balldagane på Todalshytta er populært tiltak, og både todalingar og andre strøymer til for å kjøpa den populære potetballen, fortel Åse Grydeland Øyen som elles har dagens middag til salgs mellom kl 14-18 frå tysdag til søndag. Laurdagar er det fast meny med rømmegraut og spekemat. Elles er det salg av smårettar og kaffe til vaflar og anna tilbehør.
Hytta er i år opa frå tysdag – søndag i tidrommet 10-22. Måndagar er det stengt. Men hytta er ikkje meir stengt enn at dersom det er overnattingsgjestar så er hytta opa.