Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Plukka søppel og plast i styggvêret

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. april 2025

Sjølv om vêret ikkje alltid gjev vårfornemming enda, så arrangerte uansett Surnadal NTN Teakwondo klubb vårdugnad med innsamling av plast og anna søppel, som i løpet av vinteren hadde kome på avvegar. Det var området i Røtet, rundt ein av teakwondo klubben sine gode sponsorar, Talgø MøreTre AS som vart rydda torsdag kveld. 

Søppelplukking i regn og vind. Foto: Kjell Gunnar Polden

Ein kan vel tryggt seie at vêret denne kvelden var både vått og kaldt, men tjue ivrige og motiverte medlemmar i klubben møtte opp og var med å plukke plastikk og anna søppel, ja, til og med medlemmer frå Ålvundeidet kom for å vere med på dugnaden. 

Vêret kunne heilt sikkert ha vore betre, men no er det i alle fall rydda! Foto: Kjell Gunnar Polden

«Talgø øer en bra spnsor for oss, og da skulle det berre mangle om vi ikke stiller opp og bidro på denne måten», sier «søppelgeneral» i klubben, Mari Fiske. 

Viser fram «fangsten»! Foto: Kjell Gunnar Polden

Kjempebra tiltak av Surnadal NTN Teakwondo klubb, eit tiltak som er med på å hindre at plast og anna søppel blir liggande rundt om i naturen. 

Var i alle fall ikkje vanskeleg å velje rett påkledning denne kvelden! Foto: Kjell Gunnar Polden

Men for dei ivrigaste medlemmane var ikkje dugnad i regn og vind nok fysisk aktivitet, så dei dro rett frå dugnaden og på trening! Det nærmar seg EM i teakwondo, som blir arrangert 24. – 27. april i Sarajevo, Bosnia-Hercegovina. Her skal Aurora Berle frå Surnadal NTN Teakwondo klubb Norge sin representant i 60 kilosklassen.  

Sjølv ein våt og kald dugnad var ikkje nok, det måtte trenast også! Foto: Kjell Gunnar Polden

 

Publisert: 10. april 2025, 19:15