Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Plukka søppel for nye klubbjakkar

Elinor Bolme Fredag 12. mai 2017

Torsdag er treningsdag for knøttelaget i Todalen. Gårsdagens trening starta litt annleis sidan leiar i fotballgruppa hadde utfordra dei til å plukke søppel frå Bordholmen og på baksida av fabrikken i løpet av våren. Og med ein gjeng ivrige og lettbeinte ungar vart bilen til fotballeiar Knut fyllt opp med alskens skrot på ein stor halvtime.

Belønninga for dugnadsøkta er gratis treningsjakkar med Todalen IL på ryggen til dei som spelar på knøttelaget. Såpass tidleg i sesongen er dei 8-9 på trening, men det er plass til enda fleire 2009, 2010 og 2011 modellar. Dei er ikkje med i nokon serie, men har planer om å delta på 3 cupar i løpet av sesongen.

Under er eit lite galleri frå søppelplukkinga i godveret. Alle foto ElinorB

Først publisert: 12. mai 2017, 05:01 - Sist oppdatert: 11. mai 2017, 22:16