Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Planteloppemarked og ope museum på Åsen

Jon Olav Ørsal Fredag 31. mai 2024

Laurdag 08.juni inviterer Surnadal Hagelag og Nordmørsmusea igjen til planteloppemarked i tunet på Åsen bygdemuseum, med påfølgande kaffeservering og opne museumsutstillingar.  Loppemarkedet startar kl. 13.00.  

Har du overskuddsplanter frå hagen din som du vil gi til loppemarkedet, til dømes stauder, buskar, løkar eller stiklingar av ulike slag kan du levere dette på Åsen same dag før kl. 13.00, eller etter avtale med hagelaget på førehand. Inntekt av plantesal og kaffesal går til Surnadal Hagelag.  NB! Betaling med VIPPS eller kontant.

Frå kl. 13.00 til kl. 15.00 vil det vere opne museumsutstillingar.
Ta turen innom og sikre deg nokre godbitar til hagen og ei triveleg stund på museet!
Besøksadresse: Åsen bygdemuseum, Østbødalsvegen 53, 6650 Surnadal

 

Nordmørsmusea er medlem i Todalen.no

Først publisert: 31. mai 2024, 18:00 - Sist oppdatert: 28. mai 2024, 14:49