Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Planlegging for «Lauvfall»

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. august 2024

Kveldens trimtur til Toåa tursti avslørte at det var eit eller anna som foregikk ved eit av borda som er utplassert attmed gapahuken i Båthølen.  Med PC’n på bordet og kaffekanne for traktering skjønte vi at det var møte på gang.

Og det var da ikkje meir komplisert enn at det var styremøte i Surnadal konstforening som foregikk.  Dei 5 damene nytta ut finvêret, og flytta styremøtet ut i friluft, og det såg ut til at dei nytte kvelden i langdrag.  Og dei ga da uttrykk for at dei var godt nøgd med «møterommet» som enda til var gratis å leie.  

På agendaen denne kvelden stod mellom anna gjennomføring av haustens store kunstutstilling – Lauvfall 24.  Det er i år 15. gong at Lauvfall blir arrangert.  Fristen for innlevering av arbeid til juryering gjekk ut 20. august.  Utstillinga opnar 21. september i Galleri Finstua på kulturhuset. 

 

Publisert: 21. august 2024, 19:00