Konserten på Gammelfabrikken ga meirsmak for Eric Malling og Knut Bergli. No planlegg dei ny konsert under Todalsdagen 27. juni – eit samarbeid mellom Todalshytta og Todalen Idrettslag. Denne gongen kan dei by på konsert med Asle Beck og Yngve Kristiansen – utekonsert på den nye scena framfor Todalshytta.

Eric Malling – vertskap på Todalshytta – gler seg til å ta i bruk det nye langbordet på på plassen framfor Todalshytta.Her saman med Knut Bergli frå Todalen Idrettslag. Foto: Jon Olav Ørsal
Der vil dei dei tilby grillmat og tilbehør før konserten, og inviterer både sambygdingar og andre til å slappe av med litt grillmat og prima underhaldning etter at aktivitetane er ferdig på Bordholmen.
Med konserten på Gammelfabrikken frist i minnet, gler vi oss til ein ny konsertkveld – denne gongen på Todalshytta. Billettsalet er ikkje kome i gang enno, men det vil bli billettsal både på Matkroken i Todalen og på Surnadal kulturhus – og sjølvsagt ved inngangen. Her kan du laste ned plakaten