Vi har ryktesvis høyrt at det skal startes arbeid med renovering av kjøkken i Forsamlingshuset på Nordvik. I dag stoppa vi for å sjå kva som foregikk, og da trefte vi Palmer Vikan som var i ferd med å rive ut gamal kjøkkeninnreiing. Men han fortalte at arbeidet berre var i startfasa, og at han måtte demontere eit sak for at elektrikaren skulle få kome til for å koble frå noko utstyr.
Men Palmer bekrefta at det er renovering av kjøkken på gang og at det er ei gruppe som har jobba med dette og lsgt planer for omfang og gjennomføring. – Dei har fått tak i ny kjøkkeninnreiing og no blir det nk organisert dugnad for å utføre arbeidet. fortalte Palmer.
Det er ei god stund sia det er gjort noko oppussingsarbeid i Forsamlingshuset , så det er kanskje behov for meir enn berre oppussing av kjøkkenet meinte Palmer, men han mente at det arbeidet som kom til å bli utført var innomhus oppgradering slik at det vart meir tidsriktig.
Det har vore ei positiv utvikling i folketalet på Nordvik, så det er nok på sin plass å oppgradere Forsamlingshuset. Hittil i år er det kome to «nye» nordvikgardingar, og Palmer kunne berette at det og var to til i vente. I første omgang kjem vi til å følgje med på det som skjer i Forsamlingshuset etterkvart som nytt kjøkken kjem på plass.