Sist laurdag reiste to medlemmer fra Start 4H til Malmefjorden for plakettfest. Dette er ein årleg og høgtidleg seanse for alle 4H’arar i fylket som har fullført og fått alle sine prosjekt godkjent i medlemsperioden. Frå Start 4H var det i år Astrid Longva Kvendset og Marte Talgø som deltok etter å ha vore trufaste medlemmer i 4H-klubben i 9 år. Dei fekk i lag med 14 andre medlemmer rundt om frå Møre og Romsdal utdelt 4H-vitnemålet og plaketten.
Utdelinga foregjekk i bygdehuset Vonheim i Malmefjorden der det først var ein bedre middag etterfulgt av dessert før det vart underholdning og utdeling av vitnemålene. Årets 4H-klubb vart også kåra under festen, og denne utmerkelsen var det Grimstadhøgda fra Tingvoll som fikk. Dette på bakgrunn av det aktive 4H-året dei har hatt.
Foto: Maren Kalset, 4H’ar frå Halsa