I Todalen har skuleborna lang tradisjon for å hjelpe til med plakatar for å marknadsføre 17. mai-feiringa. Det var det velvilje for i år også, så i dag har det vore storstila plakatproduksjon i skulen. Resultatet kan du sjå på biletet på framsida der heile gjengen har stilt opp for fotografering med kvar sin plakat.
No skal vi ta runden rundt bygda og sett opp plakatane, slik at alle skal blir informert om programmet og kva tid dei forskjellige programpostane startar. 17. maikomiteen helsar stor takk til elevane for hjelpa med å dekorere plakatane!
Etter fleire dagar med snøvêr og regn vart det i dag blå himmel og sol, og det inspirerte elevane til å hente fram styltene og dermed vart det litt tjuvtrening før 17. mai og feiringa av nasjonaldagen som altså skjer neste fredag.