Den kvite røyken frå steinomnen til Kjell Arve Vikavoll hadde ingenting med Leo XIV og pavevalet og det sixtinske kapell å gjera, men derimot var det full fyr for å få opp tempen i steinomnen. Her må det nemleg varme til – rundt 400 grader må det være for å få fart på pizzasteikinga.

Kvit røyk frå steinomnen har ikkje noko med Leo XIV og røyken frå det sixtinske kapell å gjera. Den vedfyrte steinomnen leverte rundt 400 varmegrader på topp. Foto Jon Olav Ørsal
Hageland Surnadal hadde fredag i9nvitert kundane på steinomnbakt pizza, og Kjell Arve hadde rigga seg til med steinomn og utstyr for produksjon av pizza framfor inngangen til hagesenteret. Men det var ikkje berre pizza i steinomnen – Kjell Arve hadde også litt focacciadeig på lur, og til og med omnsbakte poteter var det smaksprøver på når det etter kvart vart skikkeleg varme på omnen.
På Hageland er det fullt kjør no om dagen – hagesenteret bugnar av sommarblomster, planter og busker som venter på sommarvarmen som no er like rundt hjørnet. Yr.no lovar at vi etter kvart skal få sjå 20-talet på gradestokken og nokre dagar utan nedbør, og det gler vi oss på.
Nedafor har vi lagt ut eit lite bildegalleri frå fredagens aktivitet – alle foto Jon Olav Ørsal