Nei, det er ingen fare! Sjølv om piratflagget heng oppe ved Holmatrøa i Bordholmskogen, så er det ingen fare på ferde. Det er berre Siri Lund og sambuar Francesc Perez Baldo som har Holmatrøa som har vore her på Todalsferie. Siri har aner frå Todalen – nærare bestemt frå Oddøya.
Francesc Perez Baldo, som er frå Alfaz del Pi i Spania tykte det var på sin plass at «vegvisarpålen» i turstien også fikk ein spansk vegvisar på plass. Dermed sette han i gang og laga eit skilt som viser at det er 3751 km til heimplassen han i Alfaz del Pi i Spania. No er den komen på plass i lag med alle dei andre vegvisarane i Toåa Tursti i Gunnøya.

Det er mange vegvisarar på pålen i Gunnøya – no er vegvisaren til Alfaz del Pi i Spania på plass. Foto Siri Lund