Tysdag 29/4 besøker Senioruniversitetet for Indre Nordmøre bedrifta Pipelife i Surnadal. Denne bedrifta vart i si tid starta av valsøyfjordingen Martin Botten. Han var under 2. verdskrigen utkalla til tvangsarbeid i tilknytning til utbygginga av kalkgruva i Surnadal. Martin slo seg i lag ei surnadalsdråk og etablerte seg i Surnadal som murar. Sidan vart det større entreprenørverksemd, med produksjon av mørtel, bygningsstein, betongrør m.m.
I 1969 fann Martin Botten ut at plastrøyr kunne vere noko – for lokalmarknaden. Han kjøpte ein ekstruder, som han henta heim frå Tyskland, og sette i gang. 1969 blir derfor rekna som fødselsåret for det som i dag er Pipelife Norge AS. Etter det gikk det raskt ,og alt i 1972 tok røyrdelsproduksjonen til. Utover 70-tallet voks bedrifta og vart ein stor norsk aktør.
Pipelife er i dag Norges største produsent og leverandør av røyrsystem i plast, til vatn, avløp, gass og elektriske installasjonar. Samtidig er det som starta som ei lokal bedrift, no del av ei av Europas største leverandørar av plastrøyr og tilhøyrande delar. Pipelife Norge har to fabrikkar, i Surnadal, med ca 100 tilsette, og i Stathelle med ca 50, og hovudkontoret ligg i Surnadal.
Under bedriftsbesøket vil Senioruniversitetet få ei orientering både om bedriftshistoria og utviklinga fram til i dag. Orienteringa må gå føre seg i Kantina – og derfor må møtetidspunktet også framskundast til kl 1000, for ikkje å okkupere kantina under matpausen til dei tilsette. Men etter orientering og kaffe vil senioruniversitetet få høve til å bli med rundt om på bedrifta, for å sjå korleis denne bedrifta har utvikla seg til å bli ei nøkkelbedrift i Surnadal, med rundt 100 tilsette, og med utstyr, kompetanse og utviklingsdyktigheit i internasjonal toppklasse .