Nydeleg sommarver og godt frammøte medverka til ei vellykka pinsegudsteneste i Stangvik. Fem barnedåp, klår bibelbodskap og mektig salmesong fylte kyrkjehuset.
Beundra av små og store, og til klokkeklang av malm frå 1400-talet, fann kyrkjebåten frå Hamnes sin plass i støa.

Som i gammal tid: Prestane (Lene Gåsvatn og Pål Arne Winsnes) tek imot kyrkjeroarane frå Hamnes. Foto Mali Settem
Stor stab i samhandling
Messa tok til med prosesjon og den treffande salmen «I all sin glans nu stråler solen».
Sokneprest i Surnadal, Pål Arne Winsnes, leia dåp og nattverd. I preika tok Rindals-prest Lene Gåsvatn utgangspunkt i Johannes 14. Ho aktualiserte: – Kva betyr pinse for oss her og no?
Klokkarar frå Rindal, Stangvik, Åsskard og Surnadal deltok i liturgiske oppgåver. Tor Rune Halset sørga for TV-streaming av gudstenesta.
Dåp, takkoffer og nattverd
Fem dåp sette «kyrkja sin fødselsdag» i fint perspektiv. Her vart vesle Iver, Madelen, Signe, Synne og Åsa innlemma i fellesskapet.
Det var stor deltaking ved det faste takkofferet som sokna i Surnadal gir til Det Norske Misjonsselskaps prosjekt i Etiopia og Midt-Austen. Også nattverdmåltidet samla mange.
Kor og fiolin
Med tolv deltakarar la gudstenestekoret på galleriet ekstra kraft og uttrykk i liturgiske ledd og sentrale pinsesalmar. Fiolinisten Elisabet Husby imponerte med lekker utforming av både offermusikk og nyskrivne salmestemmer.
Levande tradisjon
Felles pinsegudsteneste for indre Nordmøre har vore tradisjon i Stangvik i mange tiår. Oppslutninga i 2025 tyder på at den vil leva vidare.
Det borgar også soknerådets overdådige kaffeservering for!