Fredag kveld var det premiere for «Surnadals Hyllest Til Pink Floyd 2023» for fullt hus. Du verden for ei forestilling med musikk, lys og rytme som vi knappast har sett makan til. Dyktige musikarar sørga for 2 timar med kulturell underhaldning av beste slag, og publikum honorerte gjengen på scena ståande applaus og trampeklapp.
Ingen nemnt og ingen glemt – publikum var fulle av ros etter forestillinga, og vi er skikkeleg imponert over at vi kan få til underhaldning av slik kvalitet på det lokale plan. På eit par av innslaga var også ei gruppe frå kulturskulen med – flott at også yngre krefter kan få bli med på slike arrangement.
Dagens forestilling var som sagt selt til siste plass, det er også kveldsforestillinga på laurdag, medan det er nokre ledige plassar på ekstraforestillinga som går kl 17 på laurdag. Vår anbefaling er kort og godt – løp og kjøp billett – her finn du linken til billettsalet via nettet, men du kan også kjøpe billett på kulturhuset. I april dreg gjengen til Kristiansund for å opptre i Braatthallen.