Denne veka har det vore gjennomført eit kunstprosjekt i Svinviks arboret. Pilfletting har stått i fokus, og det har vore kunstnarane Jorun Kraft Mo og Marit Moen som har vore prosjektleiarar, medan deltakarane i prosjektet har vore lærarar og andre som har lyst til å lære denne kunsten – mellom anna har Start 4H vore aktive deltakarar i programmet.
Laurdag var det avslutning og open dag i arboretet, der alle som hadde lyst kunne ta turen innom for å sjå resultatet og prøve seg på litt pilfletting dersom dei hadde lyst. Vi stakk innom ein snartur og har laga eit bildegalleri frå arrangementet som du kan sjå nedafor.
Pilflettingsprosjekt i Svinviks arboret – avslutning med open dag. Alle foto. Jon Olav Ørsal