Tavla med informasjon om Ethelbert Lorth Phillips og «Phillipsbrua» i Ramsøydalan har fått ny plass og nytt stativ. Infotavla er no flytta fra Ramsøydalan til Hafallmelen, og står no på parkeringsplassen som fiskarane brukar der. Der er ho både lettare tilgjengeleg og betre synleg for dei som ferdast etter vegen. Det er Gunnar Nordvik som på oppdrag frå Plan- og tiltaksutvalet i Todalen har laga nytt stativ for infotavla.