Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pensjonisttur til Aure

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. mai 2014

Tysdag 27. mai bers det til Aure for Surnadal pensjonistforening. Det blir start frå Surnadal kulturhus kl 9.00 med buss til Hendset, der ein går om bord i ferja til Arasvika. På turen blir det besøk i Aure kyrkje, Aure kjøpesenter og kaffe pause der. Etter ein stavgangtur går turen vidare via Kyrksæterøra.

I Arasvika møter tidlegare ordførar Knut Baardset som vil være guide gjennom Aure. Etter kyrkje og kjøpesentertur blir det stavgang frå Aure rehab mot Berg, før turen fortsett til Kyrksæterøra der det skal være middag på Kafè Koseli. Det blir forøvrig orientering om turen på pensjonistmøtet på Sjukeheimen fredag 23. mai. Meir info kan du få på telefon 71662021, Olav Jostein Holten. Bussen er desverre allereie fulltegna, fortel Olav Jostein Holten til Todalen.no

Først publisert: 20. mai 2014, 06:00 - Sist oppdatert: 19. mai 2014, 21:51