Måndag 10. juni inviterer Surnadal Pensjonistlag, i samarbeid med SpareBank 1 Nordmøre til temamøte om korleis ein kan verje seg mot svindel i Svorkasalen på Surnadal kulturhus klokka 13:00 – 15:00. Bakgrunnen for temamøtet er at dei fleste av oss har blitt, eller vil bli utsett for svindel eller svindelforsøk, heiter det i invitasjonen til temamøtet.
Korleis kan ein avverje dette, og kva skal ein gjøre om uhellet er ute? Dette vil fagfolk frå SpareBank 1 Nordmøre og representantar frå politiet kome for å gje rettleiing og råd om.
Det blir kaffe med noko attåt!
Påmelding på telefon eller SMS til Ragnhild Vorum på telefon 934 22 961 snarast og seinast innan fredag 7. juni.
«Temamøte – svindelforebygging»
Surnadal Pensjonistlag og SpareBank 1 Nordmøre ønsker velkommen til temamøte!