Surnadal Pensjonistlag skal ha medlemsmøte på sjukeheimen tirsdag 21.1. kl 1500. Det blir song og musikk, kåseri ved Svein Sæter, servering og loddsalg og triveleg samvær! Svein Sæter fortel for pensjonistlaget: Ottar overlevde alt – bla om og les kva Svein Sæter skriv om kåseriet:
Ottar Haugland overlevde sjølvmordspille, dødsleir og dødsmarsj i kampen mot nazismen. Svein Sæter har skrive den lysande historia i boka «Krig. Mor. Bror». Hør det dramatiske kåseriet hans på Surnadal sjukeheim tysdag 21. januar. Det er Surnadal pensjonistlag som står for arrangementet.
-Dette er den sterkaste historia eg nokon gong har fått skrive, fordi ho viser korleis menneskeverdet kan overvinne bestialiteten, seier Svein Sæter.
Boka hans om Ottar Haugland er blitt kalla «ei lysande historie om den mørkaste tida i menneskets historie».
Sæter har tidlegare skrive fire kritikarroste bøker om den andre verdskrigen, blant anna om Knut Haugland, bror av Ottar. Det var tungtvannssabotøren Knut som fortalte Sæter om Ottars ufatteleg dramatiske krigsår.
Kampen for livet
Natt til 24. november 1943 vart begge brørne tatt og torturert av Gestapo; Milorg-leiar Ottar Haugland på Notodden, Kompani Linge-agent Knut på Kongsberg. Knut gjennomførte ei fantastisk flukt. Ottar tok ei sjølvmordspille.
– Men blåsyretabletten var for svak. I staden vart Ottar sendt til ein sikker død i utslettingsleiren Stutthof. Der fann han papir og blyant, og begynte å skrive. Dagboka hans er kjernen i forteljinga, seier Sæter.
Mor Gunnhild Haugland hadde ei forferdeleg tid. Kort tid etter at Ottar vart arrestert omkom mannen Olaf i ei ulykke. Knut visste ho ingen ting om. Så begynte også Gunnhild å skrive dagbok, i angst og kamp for gutane sine.
Vekslinga mellom dagbøkene til mor og Ottar og Knuts krigsrapportar er uhyre sterk lesnad.
Ei tidlaus historie
-Ottars historie rommar ei nesten naturstridig tru på menneskeverd og humanisme. Han kom heim frå marerittet med eit bodskap om håp og forsoning, seier Svein Sæter.
Han meiner dette løftar Ottar Hauglands kamp til ei universell, tidlaus historie.
-Den handlar om korleis det verste i mennesket kan bli møtt med det beste. Om samhald og solidaritet under ekstreme påkjenningar. Om kva for krefter som finst i mennesket når det verkeleg tærer på. – Boka «Krig. Mor. Bror» (Samlaget) er å få kjøpt etter kåseriet!