Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pensjonistlaget med digitaliseringskurs

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 22. januar 2025

Den digitale kvardagen har for lengst gjort sitt inntog i samfunnet vårt, noko som kan føre til utfordringar for enkeltpersonar og grupper. I dag må ein vere digital for å kunne få utført mange tenester i samfunnet, som mellom anna bank- og helsetenester.

Surnadal Pensjonistlag, i samarbeid med Fagforbundet har teke konsekvensane av dette, og starta sist tysdag opp med dataopplæring for medlemmane i pensjonistlaget. Kurset vil gå på tysdagane framover til våren. 

-Dette er eit kurs der ein startar heilt på «skræets» der målet er å lære seg å bruke heilt grunnleggande ting på internett som å lese Todalen.no, kommunesidene, kunne bruke Bank-ID og å logge seg inn i nettbanken for å utføre daglege banktenester, fortel Kristian Ranes i Surnadal Pensjonistlag.

Kursdeltakarane skal også lære seg å sende og å lese e-postar, legg han til.

Gunn Bredesen er engasjert som lærar på kurset. Pensjonistlaget har fått låne nettbrett (iPadar) frå Møre og Romsdal Pensjonistforbund, slik at alle kursdeltakarane har likt utstyr. -Dette er ein klar fordel, da funksjonane og utsjånaden skjermane på nettbretta er den same, noko som er ein stor fordel for læringa, seier Kristian.

Kursleiar Gunn Bredesen hadde ein lærevillig gjeng som får grunnleggande dataopplæring i regi av Surnadal Pensjonistlag og Fagforbundet. Foto: B G Ansnes

Kursdeltakarane får også låne med seg nettbretta heim for å trene litt heime.

Målet med kurset er som sagt at Olav, Britt, Jorunn, Synnøve Ola, Lars Magnar, Serine, Johanne, Kirsti skal lære seg å kunne bruke digitale hjelpemiddel til å lese nettsider, lese e-postar, bruke Bank-ID og å logge seg inn i nettbanken for å utføre daglege banktenester. Dei skal også lære seg å bruke helseappar som Helse-Norge og  Helsa Mi.

– Kurset varer difor fram til alle har lært seg dette og er fortrulege med å bruke digitale verktøy i kvardagen, avsluttar Kristian.

Publisert: 22. januar 2025, 13:41