Onsdag 18. juni inviterte Pensjonistforbundet Surnadal til medlemsmøte på Gammelfabrikken i Brusetmarka i Todalen. Gammelfabrikken i Todalen – ein framifrå plass å møtast, konkluderer Anne-Sissel U. Mogstad i Pensjonistborbundet Surnadal.
Sjølv om vêret ikkje var det aller beste, så møtte over sytti medlemmar på siste medlemsmøte før sommaren.
Gammelfabrikken kan anbefalast var den unisone dommen frå medlemmane!
Jon Olav Ørsal losa forsamlinga gjennom historia til Talgø-konsernet, frå starten i 1899 og fram til i dag. – Ei interessant historie om framtidstru og pågangsmot hos dei to som starta det heile, Tora og Tore Talgø, fortel Anne-Sissel.
– I andre etasje viste Gunnar Nordvik oss Trollheimsutstillinga; ei nydeleg samling av utstoppa dyr og fuglar som tidlegare var lokalisert på Stangvik skule, held ho fram.
– I tillegg kunne vi sjå ei stor utstilling av verktøy og møblar laga på fabrikken, legg ho til.
– Takk for flott gaiding og velvilje i samband med arrangementet, avsluttar ho. Styret i Pensjonistforbundet Surnadal ønsker alle medlemmane ein fin sommar!, avsluttar ho.