Torsdag kveld inviterte Ski- og friidrettsgruppa til avslutning på vårens lagseriestevne. Det vart flytta frå Bordholmen og opp til den nye lysløypa på Tjønnmyra. Her hadde Todalen Idrettslag i anledninga fått besøk av to representantar frå Surnadal Sparebank som var ute for å dele ut sponsormidlar til det nye anlegget.
Liv Dalsegg frå banken kunne fornøyd konstatere at dette kom til å bli ei populær løype vinters tid, og rekna med at idrettslaget hadde bruk for sjekken på 15000 kroner som ho og banksjef Allan Troelsen hadde med seg. Ei sponsorgåve som kom i etterkant av ein forespørsel frå kasserar i Todalen Idrettslag, Knut Bergli. Surnadal Sparebank er som kjent ein viktig bidragsytar til mange lag og organisasjonar i Surnadal kommune.
Etter ein tur ute i løypetrasseen, hadde dei få frammøtte anlednng til å grille pølser og anna grillmat på grillane som ski- og friidrettsgruppa hadde gjort klar.
Under er nokre bilder frå utdeling og grilling. Alle foto: ElinorB