Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Patt, remis og sjakk matt

Elinor Bolme Tysdag 1. januar 2019

Mange var kanskje klistra framfor TV-skjermane i romjula, medan Magnus Carlsen briljerte under årets sjakk VM i Russland. Og det hadde kanskje ringverkningar når det i dag måtte utsettast ekstra bord for at alle skulle få spele under sjakkøkta på Matkroken. 

Her var det deltakarar både frå inn og utland; Hennie Redalen White var på juleferie hos bestemor og bestefar Austigarda, og Terje Nordvik var imponert over at dei hadde sjakk som fag på skulen i Stockholm. Ellers var det litt julegjester og dei faste spelarane som brukar å komme.

Amund og Jo har som de ser ei litt anna oppstilling av brikkane. Dei briljerer med eit Fisher random-oppsett.

Mange fine sjakkbrett med ulik utforming av brikkane.

Primus motor Anders Talgø og Terje Nordvik var storveies fornøgd med oppmøtet, og håpar at dette gjer at det freistar for deltakarane og komme ved neste anledning også. Ny dato vart ikkje satt, men det vil bli annonsert her på todalen.no.

Publisert: 1. januar 2019, 20:35