Jon Ola Romundstad og Bjørn Sæterbø har den siste tida snekra saman 2 messesutstillingar som dei har montert den siste veka – den eine i Exporama på Hellerud og den andre på Nova Spektrum – tidlegare Norges Varemesser. Dei to er internsnekkarar hos Talgø, Jon Ola Romundstad er påtroppande og ny i «gamet» og Bjørn Sæterbø er avtroppande og egentleg nybakt pensjonist.
Utstillinga på Hellerud er laga for Mestergruppen som har sitt messearrangement der. Her er det mellom anna veggpanel som står på agendaen, og som er vist i utstillinga som er bygd opp her.
På Nova Spektrum er det «Vei og anleggsmesse» Her er det støyskjermer som profileres i utstillingane – og alt er sjølvsagt produsert i Møre Royal, som held på og blir eit godt innarbeidd varemerke, seier Bjørn Sæterbø. Bjørn har vore messesnekkar i mange år, og er imponert over måten Talgø har bygd opp Møre Royal som eit varemerke. No fram mot helga er salgsapparatet på messene og sørger for at budskapet blir bringa vidare.