Det er ei travel tid for rørleggarane om dagen. Dei får fleire telefonar dagleg frå folk som opplever at vatnet er frosset. Laurdag var det full sjau med gravemaskin og rørleggar ved barnehagen. Aud og Ola i Øyå opplevde å koma heim til frosset vatn, og har jobba 3 dagar for å tine og lokalisere kvar det var frosset. Her viste det seg at det var frosset på fleire plassar, men det vart da ei ordning til slutt. Her låg vassledninga på 1,7 meter, men det var alså ikkje nok over vegen. Slik forholde er i Todalen bør ein over 2 meter for å være sikker, seier Per Gjeldnes.
Både Per Gjeldnes med gravemskin og Per Rindal og Svein Steinberg frå Comfort Surnadal stillte opp på fridagen sin for å hjelpe til å få orden på vassforsyninga, og og om sider var det da vatn i kranane igjen!
Men det løner seg å passe på no. Og er du i tvil kan du la det renne litt i kranen for å være sikker.