Den kalde vinteren har vore hard for hjorten. Sjølv om det har vore moderat med snø, så har kalde vinteren gjort at hjorten har bruka mykje energi på å halde varmen og overleve. No er det retteleg vårknipe for hjorten, og den trekkjer inn på innmarka for finne litt mat. Sjølv om det enkelte plassar er berrmark, så bremsar nattekulda vårløysinga og nygrøa let vente på seg.
På vegen mellom Betna og Halsanaustan er det grunn til å være forsiktig når du passerer i bil. Mellom Landbrukssentret og ferjeleiet er det mykje hjort som kryssar vegen. Hjorten trekkjer inn på innmarka i i skumringa, og da er det grunn til å være forsiktig når du ferdast i trafikken. Hjorten kjem fort, og plutseleg står den midt på vegen. Ofte kjem dei fleire i lag og da skjer det lett påkjørslar.
På ein liten «fotosafari» etter E39 og innover mot Vullumstranda fikk vi hjorten på nært hald. Nokre av bilda finn du i galleriet nedafor. Alle foto: Jon Olav Ørsal