Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pass deg for hjortviltet….

Jon Olav Ørsal Fredag 27. mars 2015

Grøne spirar på ekrene er nok fristande for hjort og rådyr, som etter vinteren har meir enn lyst på litt «ferskvare».  Etter kvart er også hjorten komen på trekk, og det fører til stor trafikk av hjort på innmark, og dette skaper mange trafikkfarlege situasjonar når den må passere vegen. Det er difor all grunn til å være forsiktig når du ferdast etter vegane – spesielt er faren for viltpåkjørsel stor i skymringa både morgon og kveld.

I formiddag festa vi på «filmen» en typisk situasjon med to rådyr som passerte over vegen framfor bilen. Dei stod attafor ein jordvoll og vurderte om det var trygt å ta seg over. Først tok råa sjangsen og hakk i hel kom råbykken. Med kamera i beredskap vart det ein liten bildeserie. i slike situasjonar er det lett å ha fokusen på det første dyret som kjem, og så får du nr 2 eller nr 3 i fronten på bilen.

RagnarHalle_Merkeband_0280

Når slik påkjørsel skjer er det viktig at politiet blir varsla. Det skjer på telefon 02800, der du oppgir skadestad, namn og telefonnummer. Deretter skal skadestaden markerast, slik at ettersøkjegarar lett kan finne staden. Norges jeger & fiskeforbund har laga eit markeringsband som er ypperleg til slik bruk. Dette får du gratis på bensinstasjonar og fleire andre plassar, fortel Ragnar Halle, leiar i viltnemda i Surnadal kommune.  Du kan også bruke andre ting til markering, til dømes ein bærepose. Og ein viktig ting til – du ikkje starte eige søk etter skadde dyr. det er det profesjonelle folk som tek seg av.

Ein typisk situasjon når rådyra passerer over vegen…   Foto. Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 27. mars 2015, 21:19