Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskevandring i Stangvik kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 1. april 2022

Vi har fått ein e-post frå Bernt Bøe, som fortel at det blir påskevandring i Stangvik kyrkje onsdag 6. april klokka 19:30. Påska i ord og tonar, er tema denne onsdagskvelden i kyrkje. Kor, tekstlesarar og musikarar lagar ei temavandring som tek føre seg tida frå palmesøndag til påskemorgon.

Koret Prosjekt 17 legg øvinga si hit denne kvelden. Dei framfører folketonar og klassisk musikk knytt til dei komande høgtidsdagane. Ei strykargruppe leia av Synnøve Hammervold deltek også. 

Aktuelle salmar og bibeltekster følgjer hendingane i påskedramaet. Sentralt står «Jesu sju ord på korset» – presentert som scenisk dialog. 

Saman med koristar deltek Rannveig Brøske, Berit Anne Røkkum, Karen Oddny Gravvold og Torbjørn Brøske i tekstframføringane. Sistnemnte held kveldens andakt.

Etter samlinga i kyrkja serverer Stangvik sokneråd kveldsmat i prestegarden.

I litt endra form er same program grunnlag for årets «Påskesongmesse» i Åsskard kyrkje langfredag kveld, altså den 15. april, klokka 19:30. 

 

Først publisert: 1. april 2022, 09:00 - Sist oppdatert: 31. mars 2022, 18:05