Palmesøndag blir kulturdag i Stangvik. Etter konsert på Bondehuset er det kveldsmesse med heile påskebodskapen i kyrkja. Messetittelen “Påskevandring” inneber at tekster og tonar frå heile påskeveka fyller denne gudstenesta. Barna markerer palmesøndagens inntog med liturgisk dans og påskedagens jubel med songpantomime. Karen Oddny Gravvold syng påsketonen “Som den gylne sol” frå Halsa.
Fleire vaksne med i programmet. Sentralt står skjærtorsdag med enkel tekstdramatisering og nattverdfeiring og langfredag med dei klassiske Jesu sju ord på korset – framført som stilisert rollespel. Altartavla og annan kyrkjekunst i rommet tek på sin måte del i framstillinga av vår største høgtid. Salmesong, orgelmeditasjonar og preike utfyller heilskapen – som altså er ei verbal og musikalsk “vandring” frå palmesøndag til påskemorgon. Her finn du plakaten som PDF.