Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskeutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 6. april 2025

Fredag 11. april frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til påskeutsal i sitt heilt nye bakeriutsal. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til kaffekosen i påska. 

I tillegg til dei vanlege utsala, vil det fremover vere sjølvbetent utsal. Det sjølvbetente utsalet vil vere ope klokka 08:00 – 20:00 alle dagar.

I tillegg til sine eigne bakverk sel Lia gard også lokale produkt som egg frå Pestua gard, ost frå Orkladal Ysteri, poteter frå Solhus Gård, kjøtt frå Ansneset Gard, eplemost frå Reina fruktgård og litt til!

På fredag får ein kjøpt:

  • Ferske smultringar
  • Ferske skulebollar med hjeimelaga vaniljekrem
  • Ferske kanelsnurrer med heimelaga vaniljekrem
  • Ferske kanelsnurrar
  • Ferske grovbrød
  • Frosne tjukklefser
  • Frosne suksessterter
  • Frosne fyrstekaker
  • Frosne tynnlefser
  • Frosne konfektkaker
  • Havrekjeks
  • Knekkebrød

Førehandsbestilling på telefon: 415 71 278 innan onsdag 9. april klokka 18:00.

Følg Lia gard på Facebook

Lia gard tek også imot bestillingar frå bedrifter.

Adresse: Lykkjeeidet 835, 6640 Kvanne
 
 
Publisert: 6. april 2025, 21:16