Etter to års koronapause inviterer Åsskard kyrkje igjen til Påskesongmesse langfredag kveld klokka 19.30. Prest Cathrine Grutle, koret «Prosjekt 17», organist Bernt Bøe, lesarar og instrumentalistar tek forsamlinga med på ei tekstleg-musikalsk temavandring frå palmesøndag til påskemorgon.
Oboisten Ebba Ringmar, fiolinisten Synnøve Hammervold og cellisten Zhala Aliyeva gir tonefølgje til kor og forsamling. Trioen framfører elles nordmørsk folkemusikk og verk av bl.a. G. Fr. Handel. Kormusikk av Wennerberg, Mendelssohn, Elgar og Handel er fletta inn i messa.
Bibeltekstene «Jesu Sju Ord på Korset» og salmen «Dine hender» blir utforma som enkle sceniske tablå. I ulike roller deltek 12 aktørar – dei fleste frå koret. Turid Røen Kroknes er songsolist.
Etter messa serverer Åsskard sokneråd kveldsmat til alle frammøtte i Kyrkjestua.
Prosjekt 17 er medlem i Todalen.no