Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskesjakk på gang – blir du med?

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. april 2019

Første påskedag (søndag 21. april) samlast sjakkentusiastar til påskesjakk på Matkroken Todalen. Har du lyst til å bli med er det berre å møte opp i tidsrommet 16 – til 18.  På to timar blir det tid til to parti for alle, med ei tid på 30 minutt for kvar.  

Arrangøren reknar med at tidspunktet passar alle, både dei som vi ta seg ein fjelltur i finvêret og dei som eventuelt skal på familiebesøk eller anna aktivitetar på kveldstid. Alle som har lyst er iallfall velkomne til påskesjakk på Matkroken på første påskedag!

 

Publisert: 20. april 2019, 06:00