Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrimmen 2016

Elinor Bolme Laurdag 19. mars 2016

Mange har kanskje teke påskeferie allereie og gjort seg klar for årets påskeutfart. Men ingen påske utan påskekrim vil nokon påstå. Både på tv og i bokform. Som tidlegare nemnt kan vi i år óg skilte med vår eigen påskekrim her på todalen.no, etter fjorårets suksess «Kronhjort i måneskinn». Også i år er forfattar Guro Redalen, og ho har dei siste vekene fått på plass dei siste brikkane i eit nytt komplott som vi lesarane blir inviterte til å løysa etter kvart som helligdagane skrid fram.

Her er eit lite utdrag av årets påskekrim del 1, Svanefjorden – eller pøblar med polsfotSanninga var at Bladfyk gjerne kunne teke på seg oppdraget igjen.  Det hadde ikkje vore så mykje oppstuss og åtgaum for ho i etterkant av at tjuven av Kronhjort i måneskinn vart avslørt. Årets bilete-vinnar 2011, 2012 og 2014 hadde derimot slått seg opp med eigen blogg og nettkurset ”Dagens bilete – korleis bli ein vinnar”

Oppstart blir onsdag 23. mars med påfølgande 4 episodar kvar morgon, og løysinga til slutt 2. påskedag. Søndag blir det muligheiter for å sende inn svar, og vinne heder og ære, og kanskje noko å tørke fingrane på.

Først publisert: 19. mars 2016, 09:31 - Sist oppdatert: 17. mars 2016, 22:01